gamlebygg

Den store, okermåla trebygningen etter Innvik Ullvarefabrikk står som eit vitnemål om eitt av dei store industrieventyra i Sogn og Fjordane. I dag er bygget verna av Riksantikvaren og teke vare på som industriminne. Det står der samstundes som minne over to bondegutar frå indre Nordfjord som hadde vore ute i verda og sett og lært, og som med uvanleg vågemot bygde opp den største industriverksemda i Sogn og Fjordane fram til då.

Såg og lærde i Amerika

I 1890 grunnla Wald P. Skaaden ”Indvikens Uldvarefabrik” i heimbygda. Wald Skaaden var bondeguten som i 1885-1889 var i Amerika. Han var ikkje den einaste som hadde sett og lært etter nokre år ”over there”. Det same var tilfellet med utvikguten Anders Hansen som grunnla Evebøfoss Fabrikker på Sandane i 1907 og fleire som kom heim att med forretningsidéar som dei utvikla til blømande verksemder i heimebygdene sine.

Syskenbarn i kompaniskap

Wald Skaaden starta 28 år gamal sitt eige ullspinneri ved elva i Innvik. Han gjekk i kompaniskap med søskenbarnet Anders Rasmussen Svarstad, som var spinnerimeister hjå Devold i Langevåg, men som flytta til Innvik for å arbeide der saman med slektningen. Frå 1912 vart Skaaden eineeigar: Då flytta Anders R. Svarstad til Lillehammer, der han overtok Gudbrandsdalen Ullvarefabrikk. Gjennom fleire utvidingar av fabrikken fram til 1914 utvikla Indviken Ullvarefabrikk, som den då heitte, seg til å bli ein av dei største i sitt slag i Norden. I 1915 hadde fabrikken 60 tilsette. I tillegg hadde fabrikken kommisjonærar over heile landet som tok imot ull og bestillingar på varer. På det meste hadde fabrikken over 70 tilsette.

Les mer om dette: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Innvik_Ullvarefabrikk