Karina Siegmund

Karina Siegmund (1979) bur og arbeider i Dale i Sunnfjord. Installasjonane hennar kombinerer tradisjonelt tekstilhandverk med moderne teknologi i form av nye material og audiovisuelle media. Ho har fått stor anerkjenning for arbeida sine og har delteke på utstillingar i inn og utland. I 2012 mottok ho Talente 2012 pris for beste internasjonale tekstilarbeid for under 33 åringer. Her heime har ho blant anna stilt ut på Nasjonalmuseet i Oslo, Kunstmuseet i Førde og Vevringutstillinga. Arbeida til Siegmund tek gjerne utgangspunkt i naturen der ho hentar inspirasjon frå element som vind, ver og lys; – Eg fotograferar, filmar og spelar inn lyd. På den måten tek eg stemninga med heim. I atelieret jobbar eg vidare med informasjonen og transformerer denne realiteten i ein annan samanheng, eg kallar det Poetic Realism, der realitet vert til poesi. Inntrykka ho sit igjen med blir gjenskapt som motiv på biletveven. Siegmund har gjennom utdanning og erfaring opparbeida seg stor kunnskap rundt innovative material. Ho brukar gjerne plast, metall, papirgarn og elektroniske tekstilar i verka sine viss det er nettopp det som skal til for å skape det rette uttrykket. (Tekst fra Gallery Myr.)